Utskriftsvennlig versjon

Rutinar for opplæring av nytilsette

Arkivrutinar

Ved nytilsetjingar har leiar ansvar for å melde frå til systemansvarleg sakssystem og systemansvarleg eventuelle fagsystem.

Meldinga skal innehelde:

  • namn på den nytilsette
  • stillingsnemning
  • tittel
  • tenestestestad/eining
  • telefonnr

Opplæring i sakssystem og fagsystem blir gitt av opplæringsansvarleg i dei respektive systema. Dette skjer individuelt eller i samla gruppe. Når det gjeld saksbehandlingssystemet ePhorte, vert det halde kurs 2 gonger per halvår, eller etter behov.

Bruken av arkivplanen

Arkivplanen skal vere tilgjengeleg på kommunen sine intranett sider. Den skal vere eit arbeidsverktøy for arkivpersonalet, og eit hjelpemiddel/oppslagsverk for heile organisasjonen.

Laster...