Organisering/Ansvar

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Rådmannen i Fjell oppmodar alle medarbeidarar om å setje seg godt inn i og følgje retningslinjene i arkivplanen for Fjell kommune.

Delegert arkivansvar til servicetorgsjefen

Servicetorgsjefen har delegert ansvar for arkivfunksjonen. Den tilsette som har det daglege ansvaret for arkivet, arkivleiar, rapporterer til servicetorgsjefen. I tillegg til den daglege oppfølginga av arkivet, skal arkivleiar ha ansvar for oppdatering av arkivplanen. Oppdatering skal skje når:

  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  • det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel
  • ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i kommunens delegasjonsreglement
  • kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen

Arkivleiar avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når

  • det blir tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  • det blir tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon

Arkivleiar skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Laster...