Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Fjell kommune er eit arkivorgan med ei felles arkivteneste. I Fjell kommune vert arkivmynden utøvd av servicetorgsjefen på vegne av kommunestyret, jfr arkivforskriftenes § 1.

På Fjell rådhus ligg sentralarkivet for samtlege einingar i Fjell kommune. Dokumentsenteret handterer post og arkivtenester for dei fleste einingar og avdelingar.

Frå 01.01.2017 vart saksarkivet i kommunen fullelektronisk. Alle fagsystema har papirbasert arkiv. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.

Arkivskaparar i Fjell kommune

Følgjande arkivskaparar skal bygge opp og vedlikehalde arkivseriar i kommunen;

Sentralarkiv

Sakarkiv for heile kommunen.

GNR/BNR arkiv for Plan og forvaltning

Personalarkiv

Møtebøker

Kopibøker

Offentleg journal

Barnevern

Sosialtenesta, NAV

PPT

Psykiatrisk team

Kommunepsykologar

Rask psykisk helsehjelp

Pleie og omsorg

Ergo-/fysiotenesta

Helsestasjonen

Legekontoret

Alle kommunale barnehagar og skuler

 

Alle arkivskaparar skal vedlikehalde arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...